Mass Lund (INN): Kunstig intelligens – redning eller trussel?

2026-02-03 19:00 - 20:00

Kunstig intelligens (KI) endrar verda. Men kva er KI? Kvifor kjem KI akkurat no, og kvar går utviklinga? I dette føredraget vil eg gje ei oversikt over utviklinga av KI, freiste sjå kvar utviklinga går, og også kome inn på moglegheiter og utfordringar med teknologien.

Biografi: Mass Soldal Lund er utdanna informatikar med hovudfag og doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Han er professor i cybersikkerheit og prodekan for forsking ved Handelshøgskolen på Universitetet i Innlandet, og har også bakgrunn frå SINTEF og Forsvarets høgskole.

Med Mass Lier  -  LRK ansvarlig: Ole Gunnar Austvik